 På veg oppover i Eksingedalen. Fossen i bakgrunnen heiter "Kvitestakken". On the way up Eksingedalen. In the background tumbles Kvitestakken, or "White Skirt" Falls.
|
|
|
|
|
|
I 2001 vart Eksingedalen ein del av ei offisiell sykkelrute som går mellom Voss og Bergen. Heilt frå Voss kan du følge skilta (sjå skiltet til venstre) og såleis sykle heile den 90-150 kilometer lange ruta.

Sjå på "brosjyrer/meir info" i menyen om du er interessert i meir opplysningar om denne sykkelruta.
For deg som skal opphalde deg i dalen og nyte ferien, er sykkel eit flott transportmiddel. Berre husk hjelm siden du syklar på trafikkert veg. Du må også vere utstyrt med lykt og refleksar dersom du skal sykla gjennom tunnelane frå Eidslandet til Dale. Har du ikkje anledning til å ta med deg sykkel kan du leige på Vetlejord. Sjå Godmorstova
 Brakestad i flott sommarver. Foto: Sveinung Klyve (c)
 På Bergo kan du sjå eit nyleg restaurert kvernhus. Anlegget er i perfekt stand. Foto: Sveinung Klyve (c)
 Det er to kyrkjer i Eksingedalen, ei på Flatekval og ei på Nesheim (bilde). Foto: Sveinung Klyve ©
|
|
© eksingedalen.net. Kopiering av tekst eller grafikk berre etter løyve.
eksingedalen.net er ikkje ansvarleg for eventuelle feil eller manglar.
|
|