| EKSE SKULE 50 ÅR |
OMGANGSSKULEN: Frå ordninga med organisert folkeskule vart vanleg i landet har skulen helde til i ymse hus og heimar rundt om på bygdene. . Her hjå oss var det dei fire øverste gardane som høyrde til skulekrinsen. Frå rundt 50 talet vart Brakestad flytta til Fagerbø krins etter eige ynskje. Gunnar Gullbrå 79 år, fortel at han har sete i skule på Trefall i Knut og Sjurstova og på Ekse i Lars og Nilsstova. På Gullbrå sat han i Berjestova og i nyestova. Ordninga var slik at skuleborna i krinsane var halve vinteren på Trefall og den andre halvparten på Ekse. Då måtte borna ha med seg niste for ei heil veke når dei skulle vere heimefrå. Dei hadde med seg brød, smør og kjøt. Mjølk fekk dei der dei skulle bu.
Lars Brakestad f.1877 var utdanna lærar og skulte i krinsane all si tid. Han hadde fleire kallenamn,så som "Gamleskulen", "Brakestadskulen" m.fl.
Pultane den tida var så store at både 2 og 3 kunne sitja jamnsides på same pulten.
EKSE SKULE:
Utifrå møteboka for Ekse skulekrins kan ein lesa: Året 1939 den 10 mars vart det halde krinsmøte og valt krinsstyre. Dei valde vart Lars Ekse med 4 røyster, David Gullbrå med 4 røyster og Jon Trefall med 3 røyster. På den tida var det Gullbrå, Ekse, Trefall og Brakestad som høyrde til Ekse skulekrins. På krinsmøte den 27 mars 1941 vart det vedteke å lata Brakestad få velja fritt om dei ville høyra til Fagerbø (Bergo) krins eller Ekse krins. Dei valde etter kvart å høyra til Fagerbø krins. Den 7 oktober 1939 var det på Ekse halde konstituerande møte i byggjenemda for skulekrinsbygget i Ekse skulekrins. Lars Ekse vart vald til formann. Han vart vidare pålagd å føra det daglege tilsyn og kontroll med bygginga av leikeplass og skulehus. Han skulle sjå til at det vart utført på beste måte.
Til rekneskapsførarar vart Johannes Gullbrå og Jon Trefall valde med ei røyst kvar. Hausten 1939 vart det halde to møter i byggjenemnda der dei var einige om at arbeidet med grunngraving, planering av leikeplass og veg til skulehuset vart å setja bort på akkord. Likeeins var det einigheit om å få tilbod på materialer og bygging av huset.
SKULETOMTA: Av møteboka for krinsen gå det ikkje fram at det var nokon strid og kvar skulen skulle vera. Ekse var utpeika som staden i krinsen der skulen skulle vera , og den 28 november 1939 vart det skrive skøyte på ein teig frå garden til Lars Ekse . Teigen med vegtilkkomst får bruknr. 11. Den vert overdregen til Evanger herad for ein kjøpesum på kr. 345,-. Skyldskifte vart halde den 11 nvember 1939 av Knut Bergo , B.K Brakestad og Lars Nesheim. Etter det ein kan lesa seg til i møteboka for krinsen så stogga arbeidet med skulebygget opp då andre verdenskrig nådde landet vårt.
Grenda hadde ikkje mista motet under krigen og alt den 11 juni 1946 vart det halde møte i byggjenemnda for Ekse skulekrins. Då vart Lars Ekse (55) vald til formann, Johannes Gullbrå (43) varaformann og Sjur Trefall (48) til kasserar. Utanom desse var Jon Trefall (56) og Ingvald Gullbrå (38) med på møtet.
På møtet 11 juni 1946 vart det også laga prisoversyn på arbeidet med grunn, leikeplass og veg opp til huset:
1.Planering av leikeplass: kr. 1000,- 2.Grøfting av leikeplass, grus og steinkøyring: kr.1000,- 3.Grunn til huset: kr.800,- 4.Grunn til uthuset: kr.300,- 5.Opparbeiding av veg til huset: kr.400,- 6.Sand og steinkøyring til støyping av kjellar til huset: kr.300,- 7.Sprengstoff m.m: kr.100,-
Tilsaman: 3900,-
Grøfting av leikeplass, grus og steinkøyring vart først rekna til kr.1800,-. Dette var tydlegvis for mykje, for summen er i møteboka retta til kr. 1000,. Truleg tok arbeidet i marka til , sommaren 1947, og då sansynlegvis med planering av plassen og grunn til huset først.
Ingvald Gullbrå var bas på arbeidslaget. Konrad Ekse og Harald Gullbrå var dei faste arbeidskarane. Ellers var Håkon Trefall, Gunnar Trefall og Alfred Ekse med på dette arbeidet i kortare tidsrom. Arbeids redskkapa den gongen var spade, pikka, spitt,grafse og grafsebrett. Trillebåre på gardane var uvanleg på den tida, men på veganlegget nede i kultane og i Røyrdalen hadde dei slike innretningar. Arbeidslaget på skuletomta byrja med å frakte bort jord og stein med ei stor trekasse (sildakasse). Sild var god mat i dei dagar. Silda fekk ein kjøpa i heile og halve kasser som var laga av tre. Desse kassene var nyttige til mange ting på gardane. No også til bortfrakting av jord og stein frå skuletomta. Arbeidslaget fann snart ut at sildakassene var for gamaldagse. Trillebår med jernhjul og nokre jernskinner til trillevandring kom på plass. Truleg frå veganlegget i Røyrdalen.
Lars L. Ekse og Gunnar Gullbrå opparbeide vegen til skulen somaren 1947.
MATERIALER TIL HUSET:
Grunnmurane skulle støypast av betong med eit isolerande lag av torv i midten. Sementen kom opp i "verkjen" om lag 300 m. forbi Trefallsbrua med lastebil og vart lagra der seinhaustes. Likeeins tømmeret, kledning og hedletak til huset. Røyrdalen var uframkomeleg med hest og kjerre på bar mark. Difor måtte all transport av materialar til huset føregå med hest og slede om vinteren på godt skareføre.
Lars Ekse og Jon Trefall køyrde mykje av materialane, folk frå alle husstandane var med på denne transporten. Golvbjelkar og sperr kom seinare på året og då gjekk bilen berre til Lavik. Det var vanleg på den tida. Johan O. Gullbrå stod for mykje av transporten av bjelkar frå Lavik. Sand til grunnmurane vart teken ut i elvareina der som grustaket er no (Tjødnahaugane). Dette vart også køyrt på slede og vinteren. Lars Ekse køyrde mykje, men andre deltok også. Det hende når folk kom med hest og slede at dei fekk beskjed om at her var nok folk. Då var det berre å vende om og snu.
Lars Ekse som var formann i byggjenemnda for huset. Hadde ansvaret for tinging av all material som trengtes.
Brørne Johannes og Mangnus Fosse tok på seg bygginga. Det var også desse to som laga alle glas og dørar til huset. Dei var dyktige snikkarar og opp gjennom åra sette dei opp byggningar på mest alle gardane i dalen vår.
ELEKTRISK STRAUM:
På den tida skulehuset vart bygd hadde gardane Ekse og Gullbrå straum frå Elektrisitetverket ved Gullbråfossen. Verket kunne berrre produsera 25 kilowatt og det var i minste laget for dei 9 gardsbruka på Ekse og Gullbrå. Skulen måtte gå utan straum. Der måtte det fyrast med ved heile dagen for å halda på varmen i den kalde årstida. På jolefesten og tilskipnader som gjekk føre seg på kveldstid, brukte dei primuslykt som gav godt ljos. Skulle ein bort på utedoen så var det berre å ta med seg talgaljos. Den kommunale el.krafta kom i1955, og då fekk også skulen straum.
SKULEÅRA PÅ EKSE SKULE:
Eg (Albert Gullbrå) vart født året 1942, og dermed fylte eg 7 år i 1949. Dette var same året som skulehuset på Ekse vart teke i bruk. Eg tenkte vel ikkje så mykje over det då, men etter kvart som dei eldste i skulestova fortalde om skuleåra tidlegare, kom eg til at det var betre med ei eige skulestove.
Fyrsteklassingane denne hausten var Albert Gullbrå, Kåre Gullbrå og Berit Trefall. Me var i alt 12 elevar dette året. Dei ni andre var Leif Trefall, Sigmund, Solveig, Einar og Jenny Ekse. Lars, Andres, Johan og Gunnar alle frå Gullbrå. Læraren heitte Mons Høyland. Alle elevane var i same rommet i skulestova. Dermed måtte læraren organisera undervisninga slik at alle kunne læra noko. Det var hardt for ein fyrsteklassing å sitja i ro heile skuletimen, og det var ikkje alltid like kjekt å skrive bokstavar eller teikne alt det som læraren ville. Respekten som med hadde for læraren var så stor at det var svært lite bråk i timane. Det kunne hende at dei største gutane fann på noko lite, men det var svært skjeldan at forseelsen var så stor at nokon enda i skammekroken. Skuledagen tok alltid til med songen "Sjå dagen sprett i austerett", og etter kvart kunne me den svært godt. Så var det all pugginga av salmevers bibelsoga, boda , noregsoga, gangetabellen og sikkert meir også.
Når ein skulle seia fram leksa, måtte ein stå ved sida av pulten, sjå på læraren og ramsa opp det ein skulle kunna. Vart det litt stopp i ramsinga, så var ulukka ute. Læraren venta litt før han kom med litt hjelp, eit stikkord eller to. Var ikkje det nok til at ramsen kom i gang igjen, så var det gjort. Då måtte ein setja seg ned med beskjed om å pugga meir til neste gong. Var leksa heilt umogeleg å komma på, så måtte ein sitja att etter at skuledagen var slutt. Då skulle lærdomen inn anten ein ville eller ikkje.
I friminutta var det leik ute. Før snøen kom var det å slå ball,spretta pek, spenna pek, hinka paradis, gjøymespel og slå munk m.m
Mykje skriing rundt skulehuset,lengre løyper utover Tjødnahaugane eller i Friflatlia. Fyrste hausten arbeide snikkarane Magnus og Johannes Fosse framleis med huset. Det var pussing av grunnmurane og innreiing i kjellaren. Snikkarane likte godt å apast med skuleongane. Eit lite rom under trappa frå kjellaren vart kalla "fengselet". Dette vart det truga med når leiken vart for vill, og det hjelpte ofte.
Skulevegen var eit kapittel for seg. Særleg frå Trefall, her er det over 3 km. kvar veg opp til Ekse. Dette skulle gåast to gonger kvar dag i all slags ver. Bilvegen var komen nett innanfor Verkjen, resten var opp og ned kleivane over Stølsgrova, oppover Skorvene, Fossen, Hagaleitet og over Hagaelvane. Leif og Berit budde hjå Bertina og Lars på Ekse om vinteren når veret var dårleg. Læraren skulte annan kvar veke på Ekse og Bergo, slik at me hadde fri annan kvar veke. Me frå Gullbrå måtte gå heimatt kvar dag. Det å bu på Ekse kom ikkje på tale. Vegen var for kort til det, berre 1,5 km. Sjølv om det kunne vera slitsomt i ruskever med vind, regn og snøfokk, så var det også fine dagar med sol og varme. Det verste som kunne henda var dersom ei ski vart sundbroten om vinteren. Ingen hadde fleire par ski å velja i. Løysninga var ofte at far fekk lappa betane saman med ei stor blekkbot. Men det ville alltid klabba i blekkbota og det kunne vera svært plagsomt å gå. Skia var brukande og på skulen måtte eg. Var det heilt krise med skiutstyret, så måtte eg låna skia til mor for ho hadde korte "vaksne" ski. Dei var likevel for lange til meg, og ei forferdeleg plage å halde styr på i djupsnøen. Ein skulle tru at skuleongane her fekk rikeleg med mosjon. Likevel hadde me fleire timar i veka med kroppsøving. Når skuledagen var slutt song me ofte "Fager kveldsol smiler over heimen ned" ,men berre eit vers som regel.
Etter nokre år på skulen fekk me ei gledeleg melding. Me skulle få to veker med tresløyd kvar vår. Høvelbenkane vart sett opp i kjellaren og verktøyskap med nytt verktøy vart opna. Sløydmaterialen låg på golvet og me sette i gang med liv og lyst. Her vart det lage hyller, skjerbrett blomsterbord og til og med salongbord stod klare til lakkering . No var det slutt på "Sjå dagen sprett" eller "Fager kveldsol smiler". No var det berre praktisk trearbeid frå morgen til kveld. Den våren me var i sjette klasse tok ei ny tid til. Me skulle "gå for presten", med andre ord konfirmantførebuing. Sjetteklassingane på Ekse og Fagerbø møttest på Nesheim i stova til Lars Nesheim , eller i kyrkja alt ettersom presten ville. Sokneprest Negard kom frå Evanger. Han gjekk over fjellet frå Brekkhus til Nesheim og held hus hjå Lars. Me hadde nokre slike samlingar om sumaren i sjette og sjuande klasse. Sokneprest Negard var ein lun og hyggeleg prest. Han laga til tur for alle konfirmantane i kommunen. Det var moro kan du veta, å få skjå andre plassar og folk. Konfirmasjonen var om hausten, og ein milepel i livet. Ein var liksom vorte vaksen og verden låg open som ei bok.
Konfirmasjonspreika stod for oss som det tyngste me hadde opplevd til no. Her skulle med leinast opp på kyrkjegolvet. Gutane på den eine sida og jentene på den andre. Det var alltid mykje folk i kyrkja denne dagen. Her skulle me stå og kunna ramsa opp boda, trusvedkjenning artiklane og kanskje til og med eit salmevers. Mor og far som sat i benkane hadde det ikkje lett dei heller. Tenk og sonen eller dottera ikkje kunne leksa? Det var som om dei lettna når den håpefulle svarte greitt og høgt på det som presten spurde om. Heime venta det middag med sosakjøt og pote , raud sagogryndesert med sukker og søtamjelk på.
Gåvene kom fram etter kvart, og det var mest pengar hjå oss. 90 kr. trur eg det vart til slutt. Eg hadde bestemt meg lenge kva pengane skulle gå til. Klokke eller armbåndsur måtte eg ha. Det var det ingen tvil om. Skulle ein ut i verda måtte ein ha klokke kan du veta. Skuletida mi ved Ekse skule var over.
SISTE SKULEÅRA PÅ EKSE:
Skulesamanslåinga på 60 talet nåde også Ekse skulekrins. Bilvegen var komen til Gullbrå hausten 1959, slik at tida på skulevegen vart mykje kortare. I alle fall kunne ein bruka sykkel. Skuleåret 1963 til 64, vart den siste vinteren med samanhegande skuletid. Året etter vart dei fire elevane som den gongen gjekk på Ekse overflytta til Fagerbø krins. Krinsen hadde i mellomtida bytta namn til Bergo skulekrins. Samstundes tok ordninga med skuleskyss til.
Heilt slutt med undervisninga på Ekse var det likevel ikkje. Skulehuset på Bergo var også av den gamle enkle sorten. Etter mykje att og fram var det var trong for nytt skulehus på Bergo. Skuleåret 1971-72 var det skule på Ekse att, medan nytt skulebygg på Bergo vart reist.
KRINSEN OVERTEK HUSET
På slutten av skuleåret 1972 eller tidleg i 1973 var det søkt til kommunen om å få overtaka huset og bruka det som grendahus for den gamle krinsen. Komunen var positiv til dette. Alt den 27 februar 1973 vedtok Vaksdal heradstyre å overdraga skulehuset på Ekse med tomtegrunn til folket i krinsen som bruk til grendahus vederlagsfritt. På vilkår at det vart valt styre for huset. Grendahuset kunne heller ikkje overdragast til andre utan heradstyret si godkjenning. Huset skulle også forsikrast og haldast ved like av krinsen.
GRENDA OVERTEK OG BRUKAR HUSET:
Frå den fyrste møteboka les me at den 24 juli 1973 var det grendamøte med føremål å velja styre og å laga vedtekter og liknande for huset. Det første styret vart Johannes Gullbrå, Bergit Gullbrå og Gyda Trefall. Framlegg til vedtekter vart drøfta og vedtatt på same møte. 14 personar deltok den gongen. Alt på årsmøtet 1 mai året etter vart styret utvida frå tre til fem medlemmer.
Utvendig måling og oppsetjing av gjerde kring hus og leikeplass var det mest turvande arbeidet som måtte gjerast dette året. På åramøtet 1977 fekk styret i oppgåve å arbeide for nytt kjøkken, vaskerom, dusj og toalett i huset. Til årsmøtet 17 april 1982 øåg det føre framlegg til endring av vedteken paragraf 3 og 4. Tekst til paragrafar vart vedtekne. Sumaren 1985 var det grave ned septiktankar og vassleidning inn i huset. Utviding av vassbrønn også. Det var laga nytt kjøkken i det gamle materialrommet. Johannes Fosse laga kjøkkenbenker og skåp.
Huset var framleis utan dusj og toalett. Dette måtte gjerast noko med. På møtet 11 oktober 1987 vart Svein Trefall, Halvard Gullbrå, Johan J. Gullbrå og Albert Gullbrå vald til å planleggja tilbygg. Albert fekk i oppdrag å tegna og kostnadsrekna tilbygget og ha det klart i god tid føre årsmøtet neste år. Hausten 1988 vart alle vindauga i matsal og kjøkken bytta. Samarbeidsavtale mellom grendahuset og N.V.E vart underskriven. Sumaren 1989 vart arbeidet med tilbygget sett i gang, og i byrjinga av oktober tok reisinga av treverket til.
Finansieringa er i orden med tilskot frå N.V.E på kr.100 000,-, BKK med kr. 7000,- og Vaksdal kommune med kr. 70 000,-. Arbeidet vart gjort på dugnad av folk i krinsen, og gjekk greit unna. Tilbygget stod ferdig året etter, og var feira med fleire festlege tilskipningar hausten 1990.
Sumaren 1997 vart det grove opp for ny og større brunn på heile 7000 liter. På årsmøtet 1999 vart det vedteke å få byta dei fire vindauga i skulestova. Opp gjennom åra har me skaffa nye bord og stolar til huset. Vegen og skuleplassen har vorte grusa. Gamledoen har vorte omvølt og er no i god stand.
EKSE FELTSTASJON:
Grenda fekk huset vederlagsfritt frå kommunen, men skulle snart merka at det kosta pengar å driva grendahuset. Vedlikehald, forsikring, straum og komunale avgifter kvart år. Utleige har difor har difor vorte nødvendig for å skaffa inntekter. Loddsal på festar og bingokveldar er og gode inntektskjelder. Alt på årsmøtet 6 juni 1975 var ein leigeavtale med zologisk museum ved universitetet i Bergen drøfta. Dei trong husrom for å gå i gang med "Terskelprosjektet" i Ekso. Dette arbeidet vart langvarigt, og utvida etter kvart. Hausten 1988 var det møte mellom grendahuset og N.V.E og Zologisk museum. Diskusjonsgrunnlaget var for slag frå Zologisk museum om å forbetra huset slik at dette vart teneleg til museets sin bruk. Grenda skulle også bruka huset som før i utleigetida. Ekse feltstasjon var skipa, og er bindeleddet mellom grendahuset, N.V.e og universitetet i Bergen.
Loddefjord KFUK har også i ei årerekkje våre leigetakara av huset.
Det er sikkert mange små og store hendingar som skulle vore nemt. Grenda har eit godt og teneleg grendahus som med eit interisert styre vil vara i generasjonar frametter
|
|
|
|
|