100 ÅR GAMAL

NESHEIM KYRKJE FEIRER 100 ÅR MED FESTHELG OG BOK

17. september er det 100 år sidan Nesheim kyrkje vart vigsla, og jubileet vert feira komande helg. (13. og 14. september)
Laurdag er det konsert med Bjarte Leithaug frå Frekhaug. Bjarte har dei siste 25 åra gjeve ut og vore med på over 15 plater. Med seg til Nesheim har han dottera Astrid, men dei to skal ikkje synge åleine! Born frå Eksingedalen, forsterka med Stanghelle/Dale barnesongkor og andre born frå Vaksdal og Modalen, skal synge saman med Bjarte og Astrid. Borna frå dalen var saman med Bjarte på korfestival i Knarvik i mars, og no førebur dei seg altså til å halde konsert saman med han på Nesheim.
I jubileumsgudstenesta sundagen, er det biskop Ole D Hagesæther som står i spissen for dei mange medverkande. Hagesæther vert pensjonist seinare i år, så dette vert siste gongen han vitjar Vaksdal som biskop.I gudstenestene i Nesheim kyrkje er det som regel ein eigen bolk med song av og med borna, og slik vert det denne gongen og.
Etter gudstenesta dreg festlyden til skulen på Bergo, der feiringa held fram med variert program og ei god matøkt. Mellom anna vert det utstilling og framsyning av skuleborna sitt arbeid med jubileumskyrkjene i Eksingedalen. Alpha B Jensen og sonen Bob frå Minnesota vert med på jubileumsfeiringa. Alpha er oldebarn av Gulleik Trefall, og det var han som i si tid kom frå USA med pengane som for alvor sette fart i arbeidet med å reise ei kyrkje på Nesheim. Dette, og meir til, kan lesast i jubileumsboka, som vert presentert på festen.
Jubileumsboka kjem då rykande fersk frå trykkeriet, og inneheld både kyrkje- og lokalhistorie frå soknet. Ei eiga nemnd har arbeidd med boka, som har Kjartan Rødland som redaktør.

Frå Kyrkjebladet:
Når folk på dei øvste gardane i Eksingedalen skulle føra
dei nyfødde til dåp, dei snart vaksne til konfirmasjon,
ektefolk til vigsle, eller dei døde til den siste kvila, var
det vegen over mest 1000 meter høge fjell dei måtte
bruka, sommar som vinter. For dei fleste gjekk kyrkjeferda
over Teidalsfjellet til Brekkhus og ned til Evanger,
for dei frå dei gardane som låg lengst oppe heilt til kyrkje
på Vossestranda.
Draumen om å få si eiga kyrkja var varm og levande. I
1908 gjekk kyrkjeferda til den vakre, kvitmåla kyrkja
på slettelandet midt på Nesheim. Kyrkje hadde det
vorte i alle fall, så sterk var trua og så levande var draumen.

Dette, og meir til står å lesa i neste kyrkjelydblad.

Sjå og www.vaksdal.kyrkja.nofor info om klokkeslett m m.

STØLSSØNDAG

På veg opp Reinsgrøvene.


Turen til Nesheimstølen søndag 31. august vart velsigna med fint turver. Oppteljing på stølsbakken viste at 64 personar hadde teke turen til fjells. Den guida turen starta på Vinningsleitet og gjekk via Rapp og Gryteberget, for å enda opp på stølen. Mange gjekk også til støls frå Nesheim etter den merka ruta. På stølen vart det servert kaffi, saft, lappar og kake. Det var også varme på grillen for dei som hadde med seg grillmat. Me fekk også servert historia til stølen.


Samling på Nesheimstølen



Gryteberget

JUBILEUMSHELG FOR KYRKJA PÅ NESHEIM
Laurdag 13. og søndag 14. september blir det markert at kyrkja på Nesheim er 100 år. Laurdag vert det konsert med Bjarte Leithaug og born frå fleire kor i Vaksdal kommune. Søndag er det jubileumsgudsteneste i kyrkja og festsamkome på Eksingedalen skule.

Kven Bjarte Leithaug er kan du finna ut ved å klikka på denne adressa: Bjarte Leithaug

NYE BILETE

Fleire bilete frå kraftverkmarkeringa og raset på Brakestad finn du under "Biletalbum" i menyen til venstre.

SOMMARJOBB 2008

Rettleiande timesatsar for løn til ungdom er no lagt ut på Lokolt/Lag

JORDMORSTETOSKOP

Eksingedalen Kvinne- og Familielag ynskjer å hjelpa.

Her er biletet frå overleveringa av jordmorstetoskop frå Kvinne- og
familielaget til fødeavdelinga på Bwaila i Lilongwe, Malawi i mars i år.
Flott tiltak og eit svært nyttig basisinstrument som det er stor mangel på
og ikkje minst stort forbruk av.
Overleveringa vart gjort av Britt Eide.

RAS PÅ BRAKESTAD

Ei steinblokk på omlag 60 kubikkmeter løsna og tok med seg jord og skog på si ferd nedover dalsida. Steinen la seg til rette litt inne på dyrka mark.



JUBILEUM I FLATEKVALSKYRKJA  
Frå gudstenesta. Prosesjon inn. Klikk på linken i overskrifta og få bilete av Kilden og Modalskoret.
Fleire bilete finn du under Guide/Biletalbum.

SERVERING I REGI AV EKSINGEDALEN NATURLOSING
Grete Haugen tilbyr servering gjennom sitt selskap Eksingedalen Naturlosing

VAKSDAL KOMMUNE VIL IKKJE BLI MINDRE

Kommunestyret i Vaksdal vedtok mot Senterpartiet sine to røyster å be fylkesmannen om ikkje å utgreia grensejusteringssaka Eidslandet Grendaleg og Eksingedalen Bygdaråd har søkt om. Administrasjonen i kommunen kallar saka ei delingssak, og viser til eit tre år gamalt vedtak om å halda fram som eigen kommune. Spørsmålet er om Vaksdal kommune har fullmakt til å gjera eit slikt vedtak.

GRENSEJUSTERINGS-SAKA

På eit felles møte der representantar frå Eidslandet Grendalag og Eksingedalen Bygdaråd deltok vart det forfatta eit felles brev til fylkesmannen i Hordaland. I dette brevet er grensene i justeringssaka beskrive. Kart med innteikna grenser er vedlagt. Nedanfor kan du lesa brevet som vart sendt 3. januar.

Eksingedalen, 2.1.08


Fylkesmannen i Hordaland
Statens Hus
Postboks 7310
5020 BERGEN


Oppmoding om grensejustering - kart med
innteikna forslag til nye kommunegrenser

Eidslandet Grendalag og Eksingedalen Bygdaråd oversender med dette kart med sameint forslag til nye kommunegrenser; jfr tidlegare brev til Fylkesmannen med initiativ til grensejustering.

Kartet er basert på gardsnummer, og prinsippet som er lagt til grunn er at grensa mellom den nye Modalen kommune og Vaksdal kommune bør gå der eigedommane til oppsitjarane på Eidslandet grenser til eigedomsgrensene til oppsitjarane i Stamnesbygda/Hesjedalen. Vi foreslår at den nye grensa går slik at gardsnummer 34 (Brørvik), gardsnummer 39 (Myster), gardsnummer 38 (Leiro) og gardsnummer 56 (Nese) vert med over til Modalen kommune. Vidare grenser mellom Eksingedalen og Voss kommune og Vik kommune bør fylgja eksisterande kommunegrense. Det vil seie at heile Eidslandet og Eksingedalen som no høyrer til Vaksdal kommune vert overført til Modalen kommune. Ingen justering av grensene mot nabokommunane elles.

Forslag til nye grenser er teikna inn med raud farge på det vedlagte kartet.

Grensene som er teikna inn på kartet fell fullt og heilt saman med grunngjevinga som er gjort i oppmodinga om grensejustering, heimla i Inndelingslova og i Rundskriv H-01/07 frå Kommunal- og regionaldepartementet:

1.Når vi ber om grensejustering, er det ut frå første paragraf i lova (formålsparagrafen). Når Eidslandet og Eksingedalen høyrer til Modalen vil det verta ei meir føremålstenleg eining som kan gje innbyggjarane og næringslivet tilfredsstillande tenester og forvaltning, slik det står i føremålsparagrafen i Inndelingslova. Vaksdal kommune har om lag 4000 innbyggjarar. Eidslandet og Eksingedalen har knapt 300 innbyggjarar til saman. Grensejusteringa omfattar såleis om lag 7 % av folketalet i Vaksdal kommune.

2.Eidslandet og Eksingedalen er i for stor grad ein utkant i Vaksdal kommune, med vesentleg mindre kontakt med denne kommunen enn med nabokommunen Modalen. Dei to bygdene har også einsarta utfordringar med Modalen kommune og også behov for einsarta løysingar, og har også felles historie, kultur og næringsgrunnlag.

3.Geografisk sett er det meir naturleg for Eidslandet og Eksingedalen å høyra til Modalen enn til Vaksdal. Modalstunnelen (vegtunnelen mellom Modalen og Eksingedalen) som vart opna i 1976 understrekar dette. Det tek langt mindre tid å køyra til kommunesenteret på Mo frå alle deler av dei to bygdene i høve til kommunesenteret på Dale. Det er ein smal og farleg veg frå Eidslandet til Vaksdal sitt kommunesenter på Dale. Dette gjeld særleg vegstykket frå Eidslandet til Stamnes; der er ofte ras om vinteren.

4.Vaksdal kommune har svært få tiltak eller planar for å utvikla bygdesamfunna på Eidslandet og i Eksingedalen; jamfør krav om grunngjeving i paragraf 8 i lova. Eidslandet og Eksingedalen er i det daglege mykje nærare knytt til Modalen / Mo enn til Vaksdal kommune sitt kommunesenter på Dale. Dei to bygdene har i dag omfattande dagleg kontakt med Modalen; t d

a.Det er det mykje samarbeid og kontakt mellom skulane i Eksingedalen/ Eidslandet for barneskuleelevane og for ungdomstrinnet i Eksingedalen. Det er mykje mindre slik kontakt og samarbeid mot "moderkommunen" Vaksdal.

b.Eidslandet har ikkje eigen ungdomsskule, men Vaksdal kommune kjøper skuleplassar til ungdomsskulen i Modalen. Dette er grunna den dårlege vegen mellom Eidslandet og Dale.

c.Eidslandet har ikkje eigen barnehage, men nyttar Modalen sitt barnehagetilbod.

d.Det er langt fleire av innbyggjarane på Eidslandet og i Eksingedalen som har sitt daglege arbeid i næringslivet i Modalen enn i Vaksdal.

e.Begge bygdene nyttar i stor utstrekning helsetenester som fastlege og tannlege i Modalen.

f.Det er ikkje sjukeheim eller trygdebustader på Eidslandet /Eksingedalen. 4 plassar på sjukeheimen i Modalen er kjøpt/reservert for folket her.

g.Det er tett kontakt mellom Eidslandet/Eksingedalen og Modalen også når det gjeld kultur og idrett. EMIL er felles idrettslag for dei to bygdene og Modalen.

h.Det er utvikla næringssamarbeid med Modalen; t.d. Modalen - Eksingedalen Billag som er lokalisert på Eidslandet

Vi ber med dette om at Fylkesmannen utgreier grensejustering, og vonar at dei tilsendte dokumenta i saka er utfyllande og tilstrekkelege.

Vi vil også be om at Fylkesmannen gjer Vaksdal kommune merksam på § 19 i Inndelingslova, her heiter det mellom anna: "Eventuelt kan det fastsetjast at vedkommande kommune skal betala vederlag for eigedommen i pengar". Med eigedom meiner ein vegar, gater, bruer, offentlege plassar og annan forvaltningseigedom. Budsjetthandsaminga i kommunen, slik den er referert i lokalpressa, tyder på at kunnskap om dette ikkje er blitt formidla til dei folkevalde.

Vi er klar over at utgreiing om grensejustering nødvendigvis vil ta litt tid. Avslutningsvis vil vi derfor be om ei tilbakmelding om sakshandsaminga og den vidare prosess fram mot avgjerd - utelukkande som informasjon og opplysning til folket i dei to bygdene. Vi vil setja stor pris på ei skriftleg tilbakemelding om dette, evt at ein representant frå Fylkesmannen vert innbeden til eit ope møte for å gje informasjonen på denne måten.


Eksingedalen 2. januar 2008


Med helsing

Eidslandet Grendalag, Oddbjørn Vik
Eksingedalen Bygdaråd, Liv-Anne Bergo

ADSL TIL ALLE I EKSINGEDALEN

Etter det breibandnemnda kjenner til, har alle i Eksingedalen no tilgang til ADSL. Dei siste omkoblingane av linjer vart gjort i desember, slik at Fosse også har fått tilgang. På grunn av at det siste nye av teknologi er brukt i sentralane, har det vorte meir arbeid med linjene ut til abonnentane enn først rekna med. Difor er det først no alle har fått tilgang. I Eksingedalen er det for tida berre Telenor som kan tilby ADSL, og difor er det berre hjå dei det er mogeleg å tinga.
Dersom det er nokon som enno ikkje får tinga ADSL må de gi melding til Magnar Nese. Telenor har lova Vaksdal kommune å ordna problem som dukkar opp, difor der det viktig å informera breibandnemnda om dette. Me sender meldingane vidare til vår kontaktperson i Telenor.

EIDSLANDET SLUTTAR SEG TIL SØKNADEN

Eidslandet Grendalag har no sendt brev til Fylkesmannen der dei sluttar seg til søknaden frå Eksingedalen Bygdaråd. Søknaden gjeld grensejustering og endring av kommunetilknyting. Fylkesmannen har etterlyst kart som viser kvar Bygdarådet og Grendalaget meiner at den nye grensa skal gå. Dette blir det no arbeidd med av eit arbeidsutval samansett av representantar frå dei to organisasjonane. Karta vil verta sendt til Fylkesmannen i januar.

VIKTIG INFORMASJON PÅ DENNE SIDA

Det er lagt ut tre viktige dokument på denne sida. Det er "Til alle husstandar i Eksingedalen", "Brev til fylkesmannen" og "Strateginotat for Eksingedalen". Då desse dokumenta er lange må du bla ein del nedover på sida for å finna alle. Helsing redaktør av sida.

BREVET TIL FYLKESMANNEN

Eksingedalen, 29.11.07
Til Fylkesmannen i Hordaland
Statens Hus, postboks 7310
5020 BERGEN

Utgreiing om Eksingedalen si kommunetilknyting -
etter Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (Inndelingslova)
_________________________________________________________
Eksingedalen Bygdaråd vil med dette be Fylkesmannen i Hordaland om å greie ut og vurdere endring i Eksingedalen si kommunetilknyting. Bakgrunnen for ynskjet vårt er utvikling av bygda Eksingedalen, i tråd med dei føringane som er gitt i formålsparagrafen i Inndelingslova (Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser):
§ 1. Formål
Formålet med denne lova er å leggje til rette for ei kommune- og fylkesinndeling som innafor ramma av det nasjonale fellesskap kan sikre eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre og ei effektiv lokalforvaltning. Endringar i kommune- eller fylkesinndelinga bør medverke til å skape formålstenlege einingar som kan gi innbyggjarane og næringslivet tilfredsstillande tenester og forvaltning. Verksemda etter denne lova skal byggje på prinsippet om lokal medverknad og initiativrett til grenseendringar.
Lova er supplert med rundskriv H-01/07 av 19.04.07 frå Kommunal- og regiondepartementet. I dette rundskrivet - som vi har gjort oss godt kjent med - er det visse formkrav som vert presisert. Ut frå rundskrivet vil vi kort gå gjennom det vi har oppfatta av formkrav og prosedyre i ei sak som dette, og tar vår gjennomgang i same rekkjefølgje som dei aktuelle punkta i rundskrivet:

Grensejustering
Det som Eksingedalen Bygdaråd ber Fylkesmannen om, er ei grensejustering, slik at Eksingedalen blir ein del av Modalen kommune, i staden for Vaksdal kommune. I høve til pkt. 1.3 i rundskrivet, er det altså det som vert kalla grensejustering som er aktuelt.

Initiativrett
Etter det vi forstår av lova og det nye rundskrivet frå april i år, er det stilt formelle krav til kven som kan fremja ein søknad om utgreiing etter delingslova. Vi viser til paragraf 8 i lova og meiner at dei formelle krava skal vera til stades når det er Eksingedalen Bygdaråd som står bak ønskjet om utgreiing. Vedlagt dette brevet er eit oversyn over kven og kva Eksingedalen Bygdaråd er.

Vi er så frie at vi går ut frå at dersom Fylkesmannen skulle ha spørsmål om vi tilfredsstiller krava om initiativrett, så vil vi verta kontakta for å få høve til å gje naudsynte tilleggsopplysningar.
I same paragraf i lova vert det og vist til at søkjaren må påpeika kvar ei ny grense skal gå. Vi vil i denne omgang søkja om utgreiing av å overføra heile Eksingedalen frå Modalstunnelen (nedanfor Høvik) og alt areal ovanfor. Dette er utgangspunktet for saka.
Vi har i dag sendt kopi av dette brevet til Eidslandet Grendalag, og gjort merksam på at dersom dei finn det interessant kan dei venda seg til Fylkesmannen med ynskje om at dei vil vera med på utgreiinga, eller om dei vil stå utanfor.
Den siste saka som vi kjenner til der det er gjort vedtak om justering av kommunegrenser, er frå 1.12.2006 og gjeld Karlsøy og Troms kommunar på Reinøy. I denne saka har Kommunal- og regionaldepartementet gjort vedtak ut frå dei same prinsipielle haldningane og faktiske tilhøve som vi legg vekt på når vi no ber Fylkesmannen om ei vurdering.

Sjølv om vi ikkje treng å gjera greie for alle sider ved saka no, meiner vi at det kan vera greitt at vi klargjer nokre hovudpunkt:
1.Hovedgrunnen til at vi ber om utgreiing er at Eksingedalen i for stor grad er utkant i Vaksdal kommune, med svært lite kontakt med kommunen. Når vi ber om utgreiing, er det ut frå første setning i lova (formålsparagrafen).
2.Kommunen har også svært få - om nokon - komande tiltak for dalen, til dømes når det gjeld utvikling av bygdesamfunnet, jamfør krav om grunngjeving i paragraf 8 i lova. Eksingedalen er i det daglege mykje nærare knytt til Modalen / Mo enn til Vaksdal kommune sitt kommunesenter på Dale, og har også felles historie, kultur og næringsgrunnlag med Modalen kommune.
3.Ønskjet om vurdering gjeld i utgangspunktet Eksingedalen frå og med Høvik og opp der noverande Vaksdal kommune grenser mot nabokommunane. Eksingedalen Bygdaråd er sjølvsagt positive dersom Eidslandet ønskjer å vera med i vurderinga.
4.Eksingedalen Bygdaråd er svært interessert i å få saka utgreidd utan at det skal liggja hemmande føringar frå vår side. Det vil seie at spørsmål om til dømes navn for ei eventuell ny kommuneeining, vilkår om lokalisering osb. ikkje må vera til hinder for ei praktisk løysing.

MELDING TIL ALLE EKSINGEDØLAR

TIL ALLE HUSSTANDANE I EKSINGEDALEN

Ei arbeidsgruppe i Bygdarådet har sidan årsmøtet i april arbeidd med ulike tankar og planar for å få til ei positiv utvikling for Eksingedalen. Fleire ulike alternativ har vore diskutert. Det arbeidsgruppa har arbeidd med, vart presentert på folkemøtet som vart halde på Eksingedalen skule i går, onsdag 28.november.

På bakgrunn av diskusjonen på folkemøtet, sender Eksingedalen Bygdaråd fredag 30.november eit brev til Fylkesmannen i Hordaland. I dette brevet bed me om at Fylkesmannen utgreier og vurderer grensejustering av kommunegrensa, slik at Eksingedalen kan bli ein del av Modalen kommune.

Bygdarådet har Inndelingslova frå 2001 i ryggen. Her har Stortinget slege fast at grensejustering av den typen som Eksingedalen bed om, skal skje ut frå det som gagnar lokalsamfunnet når det gjeld kommunikasjon, reisetid, fritidsaktivitetar, helsetilbod, kommunal satsing og ei rekkje andre område som betyr noko for folket som bur der.
Det er Fylkesmannen som etter lova skal greie ut saka.

Etter at det kom tunnel mellom Eksingedalen og Modalen har det blitt god kontakt mellom dei to dalane. Eksingedalen har alt no eit nært samarbeid med Modalen kommune på ei rekkje område, felles arbeidsmarknad, felles offentleg transport, felles idrettslag, fritidstilbod og mange i Eksingedalen nyttar helsetenestene i Modalen. I tillegg er det samarbeid mellom Eksingedalen og Modalen på ei rekkje andre område. Dale, som er kommunesenteret i Vaksdal, ligg for langt borte for folk i Eksingedalen, samanlikna med Modalen.

Eksingedalen yter eit sterkt bidrag til samfunnet. Kraftproduksjonen frå dalen gjev straum til rundt 50.000 menneske. Dei reine skatteinntektene frå kraftproduksjonen i dalen er om lag 17 millionar kroner i året frå BKK. Desse pengane går til Vaksdal kommune. I tillegg har både kommunen og Hordaland Fylkeskommune inntekt av konsesjonskraft frå Eksingedalen. Vaksdal kommune investerer berre mellom ein og to prosent i året i Eksingedalen av dei pengane som kjem frå dalen i form av skatt på kraftproduksjonen.

Det finst ikkje nokon reguleringsplan for Eksingedalen, ikkje næringsbygg, ikkje alders- eller gjennomgangsbustader, ikkje ein einaste kommunal arbeidsplass utanom skule og heimesjukepleie, ikkje kommunal tilrettelegging for turismen som dalen har, ikkje lokale offentlege fritidstilbod. Det er utelukkande privat initiativ og lokale lag og foreiningar som driv Eksingedalen framover.

Målet er ikkje å få med seg kvar skattekrone over til Modalen kommune, men å få til ei viss grad av satsing på framtida til Eksingedalen, som gjev så store bidrag til storsamfunnet.

Dette er bakgrunnen for brevet som er sendt. Fylkesmannen vil greia ut saka, gjera undersøkingar, og gje si innstilling. Bygdarådet vil gjennom denne prosessen gjera det ein kan for å informera bygdefolket. Alle dokument i saka vert å finna på heimesida vår, Eksingedalen.no, og alle dokument vil også vera samla i ein perm på Nærbutikken på Lavik.
I samband med arbeidet er det laga eit strateginotat for Eksingedalen. Dette ligg til utdeling på Nærbutikken, og er lagt ut på heimesida vår.

Det er teke kontakt med Grendalaget på Eidslandet, og fritt ope for dei om dei ønskjer å ta Eidslandet med i vurdering av grensejustering eller ikkje.

Dette er ei stor sak for Eksingedalen, og til dette knyter det seg nok mange tankar og spørsmål hjå dei fleste.




Me svarar gjerne på spørsmål om det er noko de lurar på i saka.
Ta gjerne kontakt med ein av oss:

Svein Tollefsen Magnar Nese
Astrid Lavik Albert Gullbrå Liv Anne Bergo

STRATEGINOTAT  

Utvikling av eit bygdesamfunn: Strateginotat for Eksingedalen

Eksingedalen leverer store verdiar til fellesskapet. Det er ein dal som er rik på ressursar, men fattig på offentleg satsing. Dalen må no ta eit krafttak for å rusta seg til framtida, og treng ein god partnar for å få fart på utviklinga.

Bakgrunn:
Årsmøtet i Eksingedalen Bygdaråd 2007 kunne konstatere at telefonisaka som Bygdarådet hadde arbeidd med gjennom året var løyst og kunne avsluttast. Det vart så lagt fram ei liste over andre aktuelle og viktige utviklingstiltak for dalen som årsmøtet samla seg om å arbeida vidare med. I tråd med dette er det utarbeidd eit strateginotatet for Eksingedalen.* Objektive fakta og status for dalen er utgreidd; viktige og sentrale utviklingsområde er trekt fram og det er peika på mogelege tiltak.

På den eine sida har Eksingedalen naturressursar i form av vasskraft som åleine gjev godt over 15 millionar kroner kvart år i kraftskatt til Vaksdal kommune. I tillegg får både Vaksdal kommune og Hordaland fylkeskommune konsesjonskraft og inntekter av konsesjonskraft frå Eksingedalen. Naturresursane som høyrer til dalen gjev elektrisk kraft til 50.000 menneske kvart år. Eksingedalen er med andre ord ei pengemaskin for samfunnet.

På den andre sida er det ikkje mogeleg å finna eit einaste konkret framtidsretta tiltak eller satsingsområde spesielt for Eksingedalen i kommunale eller fylkeskommunale planar, utover det lovpålagde. Pengane frå kraftproduksjonen går berre ein veg: frå Eksingedalen og inn i kommunen. Dei siste 20 åra har krafta frå Eksingedalen åleine truleg gjeve Vaksdal kommune ei innkome på over 200 millionar kroner til saman. Berre om lag ein prosent, ein til to millionar kroner av pengane, er brukt på kommunal satsing her i løpet av desse åra. Trass sine store naturressursar og bidrag til fellesskapet går utviklinga på mange områder i dalen for tregt. Det er ikkje samsvar mellom ressursane dalen har og gjev frå seg, og det som dalen får att i form av offentleg satsing.

Kraftinntektene frå Eksingedalen
Den største inntekta frå kraftproduksjonen frå Eksingedalsvassdraget kjem i form av skatteinntekt frå BKK til Vaksdal kommune. Skatteinntekta til Vaksdal er om lag 32 mill kr i året pr 2006 (kjelde: Årsmelding frå BKK). Inntektene vert høgare i 2007 og 2008 pga auka eigedomsskatt frå kraftanlegga. Over 50 prosent av denne inntekta kjem frå Eksingedalsvassdraget. Dersom ein berre reknar arealet frå Høvik og heilt til fjells i Eksingedalen er skatteinntekta frå kraftproduksjon og eigedomsskatt frå kraftanlegga vel 15 mill. i året

Klikk på linken ved overskrifta for å få tabellen i større utgåve.


Dersom vi reknar med eigedomsskatt for anlegg på Myster/Eidslandet, er inntekta frå dette kraftverket kr 2.444.421,- høgare enn tabellen syner:

Slår vi saman alle inntektene som Vaksdal kommune har frå krafta i 2007 og 2008, utgjer skatt frå BKK, konsesjonskraftinntekter og fondsmidlar til saman nær 20 millionar kroner årleg for heile Eksingedalsvassdraget inkludert anlegga på Myster.

I utkastet til budsjett for Vaksdal kommune 2008 er det ingen samla framstilling av desse skatteinntektene; dvs: naturressursskatt, konsesjonskraft, fondsavkastning
og eigedomsskatt frå kraftanlegga i kommunen. Dermed kan ikkje politikarar og folk elles få lett innsyn i kva inntektene frå kraftanlegga i Eksingedalen utgjer til saman. Talet er altså ca 20 millionar i året. Kjelder her er offisielle tal frå BKK, frå Vaksdal kommune (budsjett og rekneskap) og frå Hordaland fylkeskommune. Heller ikkje Vaksdal kommune sin økonomiplan for 2008-2011 har ei samla framstilling av kraftinntektene eller av Eksingedalen sitt bidrag til kommuneøkonomien.


Status for Eksingedalen:

Avstanden til Dale er hovudproblemet
Ein hovudgrunn til at Eksingedalen ikkje får ta skikkeleg del i bruken av inntektene frå kraftutbygginga er avstanden til kommunesenteret. Vaksdal kommune er smal og om lag 12 mil lang. Det er rett og slett for langt frå Eksingedalen til kommunesenteret på Dale og mange av dei kommunale tilboda i Vaksdal kommune. Det tek halvannen time å køyra frå øvst i Eksingedalen til kommunesenteret på Dale. Vegen er smal og uoversiktleg, og svært dårleg eigna til dagleg pendling. Vinteren kan vera lang og hard i Eksingedalen, og dette gjer det ekstra krevjande å nytta Dale som sentrum.

Folk i dalen brukar derimot Voss som sitt eine sentrum, og Modalen som sitt andre. Voss er eit sentralt handlesentrum, og det er her dei fleste ungdomane frå dalen dreg for å gå på skule etter ungdomsskulen. Turen til Voss går over den fylkeskommunale vegen over Nesheimsfjellet. Ungdomane som må til Voss for å gå på vidaregåande skule bur på hybel der.

Modalen er det andre senteret for Eksingedalen. Her er det helsetilbod, m.a. tannlegeteneste, alders- og sjukeheim, symjebasseng osb. Modalen sin infrastruktur er godt utbygd og kan lett inkludera Eksingedalen. Enkelte tenestetilbod, t.d. helsesenteret, er dimensjonert for også å kunna gje tenester til Eksingedalen sine innbyggjarar.

Det som er realiteten, er at folk i Eksingedalen i det store og heile berre reiser til Dale når dei har ærend på dei kommunale kontora.

Heller ikkje når det gjeld fritidstilbod og idrott vert Dale nytta i nemnande grad. Når folk skal ut av dalen er det til Voss, eller til den nære naboen Modalen og eventuelt vidare til Knarvik og Bergen som er aktuelt.

Modalen og deler av Eksingedalen var ein kommune fram til 1964, då dei vart delt på grunn av kommunikasjonstilhøva. Dei to dalane har både felles historie, kultur og næringsgrunnlag, På folkemøte i Eksingedalen der kommunegrensene har vore drøfta, er det Modalen dei fleste synes det vil vera naturleg å høyra til. Årsaka er først og fremst at det vart opna tunnel mellom Modalen og Eksingedalen i 1976, og dermed vart dei to dalføra knytt saman att.

Ei anna side av saka er den formelle: Heile Noreg er delt i distriktspolitiske soner A, B, C og D der A har høgste prioritet. Modalen kommune er med i C-sona. Det vil seie at kommunane i denne sona kan nytta seg av ein del statlege tilskot. Vaksdal kommune, og dermed Eksingedalen er i D-sona. Ein del statlege utviklingstilskot vert ikkje prioritert til kommunar i D-sona.

Det er eit mål i seg sjølv at Eksingedalen i alle fall må koma på same nivå som Modalen når det gjeld retten til statlege tilskot. Ved at Eksingedalen vert flytta frå Vaksdal til Modalen, vil Eksingedalen venteleg få automatisk nyklassifisering i C-sona. Når ein ser på kriteria for klassifisering er det opplagt at dei to dalføra må ha same klassifisering i C-sona.

Busetnad og folk
Det bur ca. 200 personar i Eksingedalen, rekna frå Eikemo/Eikefet og opp til Gullbrå. I tillegg kjem 9 personar - mest ungdomar - som for tida er "lånt ut" til Modalen mest på grunn av at dei har fått bustad og arbeid der.

Det er mange i dalen, og ein stor andel av folket her, som har høg kompetanse og høgare utdanning. Ei detaljert oversikt vil visa at Eksingedalen kjem svært godt ut samanlikna med andre tilsvarande samfunn. Her er m.a. adjunkt, amanuensis, datautdanna, elektrikar, førskulelærar, ingeniørar, lektor, lege, musikkpedagog, rekneskapsutdanna, sjukepleiar, tømrar, og i tillegg kjem mange av bøndene med god jordbruksfagleg utdanning. Eksingedalen heng altså ikkje etter andre når det gjeld kunnskap og kompetanse. Grovt rekna går omlag halvparten av arbeidstida til folket i dalen med til jordbruk/gardsdrift, og den andre halvparten til direkte lønnsarbeid.

59 av av innbyggjarane i dalen er barn og ungdom under 20 år.%09

Busetnaden er spreidd på småbygdene Eikemo/Eikefet, Høvik, Vetlejord, Nese, Flatekval, Lavik, Øksendalen, Fjellanger og Haugen, Fosse, Bindingsbø, Bergo, Nesheim, Brakestad, Trefall, Ekse og Gullbrå.

Skulen i Eksingedalen
Ved Eksingedalen barne- og ungdomsskule er det skuleåret 2007-2008 36 elevar. Skulen har ein god del samarbeid med Mo skule. For alle elevane kan dette gjelda temadagar saman, forfattarbesøk og idrottsdag kvar vår. Idrottsdagen er annakvart år i Eksingedalen og i Modalen. Ungdomsskuleelevane (8.-10.klasse ved Mo og Eksingedalen) reiste sist skuleår saman på ei vekes skuletur, og elevane har kontakt gjennom ungdomskveldar og ulike aktivitetar, teatertur til Bergen, felles reise til Voss eller Knarvik i samband med besøk på vidaregåande skular eller yrkesmesse. Barneskulen i Eksingedalen reiser 10 dagar kvart år til Mo for symjeundervisning og besøk på biblioteket. Det er godt samarbeid mellom kulturkontoret/ bibliotekar og dei to rektorane om opplegg og tilbod gjennom "den kulturelle skulesekken". Det har også vore "bytte" av lærarkrefter mellom dei to skulane.

Eksingedalen Barnehage er same stad som skulen. Dette året er det 8 born mellom 2 og 5 år i barnehagen. Barnehagen er open 4 dagar i veka. Også barnehagen i Eksingedalen har samarbeid med Modalen, ungar og vaksne er på besøk i kvarandre sine barnehagar, og Eksingedalen får tilbod om å vera med på ulike aktivitetar i saman med Modalen barnehage.

Idrett:
Eksingedalen og Modalen har felles aktiv idrettslag: EMIL.

Helsetenester for folket i Eksingedalen
Dei som bur i Eksingedalen treng helsetenester på lik linje med andre. Dette omfattar mellom anna tannhelseteneste og legeteneste. For born og unge handlar det også om helsekontrollar og vaksinasjonar ved helsestasjon. I dei øvre aldersgruppene kan heimebaserte tenester/heimesjukepleie og tilsyn/pleie i sjukeheim vere aktuelt.

I dalen er her lite utbygd helseteneste, og folket må stort sett ut av dalen for å få nemnde tenester. Eit overslag over kor folket hentar tenester frå vil sjå nokolunde slik ut:

Tannhelseteneste: Alle borna i dalen får tannhelseteneste i Modalen, der tannlege kjem ein dag i veka. Mange andre nyttar også denne tannlegen.

Fastlege: ca 50% av folkesetnaden i Eksingedalen har fastlege i Modalen, dei resterande har fastlege på Voss og Dale.

Ambulanse: Det er stasjonert ambulanse på Høvik. Denne har kontinuerleg vakt, og sikrar folk i Eksingedalen, Eidslandet og Modalen tilgong på akutt-medisinsk hjelp og transport om det hastar.

Helsestasjon: Der er lokale til helsestasjon ved Eksingedalen skule. Hit kjem no helsesøster frå Dale ein dag i månaden og utfører lovfesta barnevaksinasjonar og undervisning av elevar. Innimellom kjem også lege frå Dale opp hit for legekontrollar i helsestasjon. Det har variert kor dalen har fått slik teneste frå, for nokre år sidan var det helsesøster i Eksingedalen og lege frå Modalen som hadde ansvar for denne helsestasjonsverksemda.
Heimesjukepleie: Det er avgrensa utbygd dagtilbod av heimesjukepleie i Eksingedalen.
Jordmorteneste: Det er ikkje tilgang på kommunejordmorteneste for gravide i Eksingedalen. Denne tenesta har vore lovpålagd sidan 1995, men det er oppretta berre ein 30% stilling i heile kommunen, og denne er lokalisert i kommunesenteret på Dale.
Sjukeheimstenester: Vaksdal kommune eig 4 plasser ved Modalstunet i Modalen. Det inneber at ein del eldre i Eksingedalen som har trong for sjukeheimsplass, får dette i Modalen. Dei som av ymse grunnar ikkje får plass på sjukeheim i Modalen, må på sjukeheimen på Dale eller Vaksdal. Det seier seg sjølv at det vert vanskeleg å halda kontakt med familien. Ikkje minst er det eit problem for ektefeller å halda kontakten når den eine kjem på sjukeheim langt heimanfrå.

Det må understrekast at nemnde overslag ikkje er bygd på nøyaktig statistikk, men er eit anslag som vi meiner er svært nær realiteten.

Butikk
Eksingedalen har ein nærbutikk, plassert om lag midt i dalen på Lavik. Butikken er viktig for dagleglivet i dalen. Her får vi bokstavleg tala vårt daglege brød. Det ville vera ei lokal katastrofe om dalen skulle verta utan butikk.

Det fordrar ikkje stor kunnskap om butikkdrift for å forstå at med ein brutto omsetnad på rundt 3 mill kr. i året, er det ikkje mogeleg å gjera butikken til noko økonomisk attraktiv næringsverksemd. For å kunna driva tilfredsstillande, må butikken gje ei årsløn det går an å leve godt av, ha midlar til ekstrahjelp, ferievikar, husleige, litt investering osb. Slik det er i dag er det økonomiske spelerommet for lite til at butikken kan utviklast.

Lokala er etter kvart så gamle og små at drifta av butikken vert urasjonell. I tillegg til at omsetnaden er for liten, er det også vesentleg at det er tungt å driva i gamle lokale.

Huset butikken held til i er eit sameige der svært mange i dalen har andelar. Det er ikkje økonomi verken i butikkdrifta eller i sameiga til å satse på maksimalt god tilrettelegging av drifta, eller aller helst eit nytt og godt tilpassa bygg, eventuelt kombinert med bygg for næringsverksemd og/eller turisme.

Offentleg transport:
Eksingedalen og Modalen har felles busselskap, Eksingedalen-Modalen Billag, som har bussruter for området og driv skuletransport. Busselskapet har hovudkontor på Eidslandet.


Reiseliv
Turisttrafikken gjennom dalen er aukande. Det er særleg trafikken over fjellet mellom Evanger og Nesheim og vidare til Modalen som er synleg, men også ein del tilreisande, særleg frå Bergen, som vil fiske i Ekso. Nokre stader i dalen er det mogeleg å leiga husvære.

Eksingedalen har verken open serveringsstad for turistane, offentleg toalett, eller ein campingplass. Resultatet er at vi "gjev bort" turistane til nabokommunane, anten det er Mestad Camping (Teigdalen/Voss) eller til turisttilboda i Modalen. Dersom det skal lagast ein satsingsplan for Eksingedalen, må ein ta med tilbod til dei turistane dalen alt har i dag.

Arbeidskraft til Modalen
Ca 20 personar frå Eksingedalen har sitt arbeid i Modalen. Mange av desse har høg kompetanse, og arbeider i Unimicro (3 p.t. busett i Modalen), Modalen kommune, BKK og butikkane. Berre tre personar frå Eksingedalen har arbeid på kommunesenteret Dale. Eksingedalen er med andre ord leverandør av viktig arbeidskraft til Modalen kommune.

Vaksdal kommune si satsing for Eksingedalen
Dersom vi summerer opp dei kommunale tiltaka i Eksingedalen dei siste 20 åra er det stort sett fylgjande som er gjort utanom dei lovpålagde tenestene som gjeld skule, barnehage og helsestell:

-Vaksdal kommune har opparbeidd ballbane på Bergo for mange år sidan. Dette er ein grusbane utan garderobeanlegg (ein nyttar skulen sitt garderobeanlegg).
-Kommunen har kjøpt eit lite tomteområde på Lavik (Vetlestølen), men har ikkje konkrete planar for området.
-Kommunen har gitt tilskot til breidbandutbygging i Eksingedalen.
-Det er bygt tre kommunale bruer i dalen; ei som er del av kommunal veg og to som er del av skogsbilvegar.

I tillegg kjem ein del små bidrag som deltaking i spleiselag for mobildekning i halve dalen, og ein del andre mindre bidrag etter søknad. Men: samla er ikkje den kommunale satsinga i Eksingedalen komen opp i meir enn nokre få millionar kroner til saman dei siste 20 åra, og er ikkje ein gong i nærleiken av eitt enkelt års samla kraftinntekt frå dalen.

Eksingedalen i kommunale planar og rapportar:
I Kommuneplanen for Vaksdal, Strategidelen for perioden 2005 til 2015, er det skissert ei lang rekkje tiltak og målsetjingar for utvikling av kommunen. På dei 34 sidene er Eksingedalen nemnd to gonger; ein gong om at avstandane er så store at skulen i dalen må oppretthaldast. Det andre gjeld kommunikasjonen der kommunen vil vera pådrivar for å betra fylkesveg 313, Nesheim-Brekkhus.

Meir står det ikkje om Eksingedalen.

Vaksdal kommune gir også ut ei årsmelding. I meldinga for siste året er Eksingedalen nemnd to gonger. Om breidband heiter det:
Årsmelding 2006: "Gode kommunikasjonar er nesten ein føresetnad for ein kommune som også ynskjer å profilera seg som ein bukommune til Bergen og Voss. Det har vore jobba med fleire viktige samferdselsprosjekt langs stamvegen, og utbetringa på vegen over Nesheimsfjellet er også starta opp. Vidare er Vaksdal kommune komme eit stort steg i retning av full breibandsdekning. Gjennom eit samarbeidsprosjekt med kommunane Granvin, Ulvik og Voss fekk me statlege breibandmidlar gjennom HØYKOM. Dette gjer at det vert mogeleg å finansiera utbygging av breiband i Eksingedalen og i Bergsdalen, og dette gjev positive ringverknader for innbyggjarar, næringsliv, skular og barnehagar i desse områda."

Kommentar: Føresetnaden for at Eksingedalen har fått breidband er at det vart lagt fiberkabel i dalen i 2007. Det er Bygdarådet åleine som har teke initiativ til denne utbygginga gjennom klage til Post- og teletilsynet avdi Eksingedalen hadde den dårlegaste telefondekninga i heile landet.

Det som Bygdarådet har fått til er ei satsing som er 5-6 gonger så høg som kommunen sitt bidrag. Bygdarådet sitt initiativ har ført til at sentralane oppover dalen er oppdaterte, og det er lagt fiberkabel opp gjennom heile dalen.

I årsmelding 2006 for Vaksdal kommune heiter det vidare;

Det er planlagt, søkt og lagt til rette for 2 større veganlegg i Eksingedalen; Hondalsvegen ved Brakestad og ny kommunal veg til Øksendalen. Anleggsstart vert truleg i 2007.
Kommentar: Søknad om utbetring av den kommunale vegen til Øksendalen vart først fremja i 1982. Kommunen svara då at dette skulle takast inn i dei kommunale planar. Vegen har stigning på 23 %, og vinterstid må ein trekkja opp bilar med traktor. I dei 25 åra som er gått frå 1982 kom det ingen tiltak eller initiativ frå kommunen for å utbetra vegen, og nytt initiativ frå grunneigarane i Øksendalen vart teke i 2004, 2005, 2006 og 2007. Det vart gitt tilsegn om midlar tilsvarande 25 % av kostnaden på ca 410.000 kroner i 2006, (statlege midlar som kommunen vidareformidlar), og grunneigarane tok på seg å dekkja 25 % av kostnadene for å få løyst saka. Formannsskapet gjekk i møte 26.11.2007 inn for å løyva dei siste 200.000 kronene sjølv om det heller ikkje i rådmannens budsjettforslag for 2008 eller i langtidsbudsjettet 2008-2011 var funne plass til restfinansieringa.

Oppsummert:
Inntekter frå kraftproduksjonen i Eksingedalsvassdraget åleine gir om lag 20 millionar kroner til Vaksdal kommune årleg. Gjer vi opp status, basert på fakta, så er situasjonen denne:
-Det ligg ikkje føre nokon kommunal plan for utvikling av Eksingedalen som inneheld konkrete tiltak
-Dalen har ikkje noko kommunalt bygg utanom skulen
-Der er ikkje noko næringsbygg eller planar om slikt bygg i dalen
-Det finst ikkje kommunale aldersbustader eller t.d. gjennomgangsbustader til ungdom eller planar om slike bygg
-Det finst ikkje nokon kommunal infrastruktur som gjeld vatn og kloakk i dalen
-Det finst ingen reguleringsplan som legg til rettes for eller stimulerer til konkret utvikling, til dømes tilrettelagt næringsområde eller bustadområde

Ønskjelista for Eksingedalen er klar og tydeleg - og er eit minimum for å få utviklinga i dalen opp på eit nivå der den etter innbyggjarane si meining bør vera:

1. Ovanfor Vaksdal kommune
-Få utarbeidd ein handlingsplan for Eksingedalen, eventuelt også med tilhøyrande reguleringsplan.

Element som må med i planen er:
-Næringsbygg sentralt plassert i dalen
-Bustadbygg med nokre bueiningar, t.d. for eldre og til gjennomgangsbustader
-Offensiv plan for å sikra nærbutikken
-Konkrete tilbod til turistane som kjem til dalen
-Infrastruktur som t.d. sterk satsing på å byggja opp Eksingedalen på internett
-Mobildekning i heile dalen, mot no halve dalen.
-Kontakt med kommunesenteret og kommunen sine servicetilbod for utkanten Eksingedalen

2. . Ovanfor Hordaland fylkeskommune
Fylkeskommunen har midlar til regional satsing, og har også konsesjonskraftmidlar. Det trengst ei avklaring med fylket om kva som kan vera aktuelt å søkja om for Eksingedalen i den situasjonen dalen står i no.

3. Ovanfor fylkesmannen i Hordaland
Eit realistisk alternativ for Eksingedalen er å nytta seg av det tilbodet staten har gjennom inndelingslova Lov om fastsetjing av kommune- og fylkesgrenser. I rundskriv H-01/07 (publisert 19.04.07) frå Kommunaldepartementet vert det klargjort at fylkesmannen kan vurdere kva som er rett kommunetilknytning for eit område som t.d. Eksingedalen.

I rundskrivet (vedlegg) heiter det: "I saker om grenseendring er det overordna målet å få til føremålstenlege og tidsmessige administrative einingar som kan gje innbyggjarane og næringslivet tilfredsstillande forvaltning og tenester, jmf føremålsparagrafen i lova".

Om inititativretten: "Kven som helst kan kome med framlegg om at ei kommune- eller fylkesgrense skal fastsetjast eller endrast. Det at lova likevel gjev visse personar og organ initiativrett i slike saker, inneber at desse har eit krav på at det blir teke stilling til om saka skal greiast ut eller ikkje". Slik vi oppfattar det, er Bygdarådet heilt klart eit organ som etter lova har initiativrett i denne saka.

Moment i grenseendringssaker (Lov om fastsetjing av kommune- og fylkesgrenser. §7.3). I rundskrivet frå departementet heiter det:
"Når det skal vurderast om ei kommunegrense skal endrast, er det ei rekkje relevante tilhøve som bør takast med. Kva vekt dei ulike momenta skal ha, vil variere frå sak til sak. Dei momenta som tradisjonelt er vektlagt i grenseendringssaker er:
-Kommunikasjonstilhøve (vegtilknyting, reisetid, gjennomførte og eventuelt planlagde samferdselsprosjekt)
-Geografiske og topografiske høve: Det er fleire døme på at ein del av ein kommune som blir skild av fjord eller sjø frå resten av kommunen, er blitt lagt til den kommunen som ligg på den same sida av fjorden eller sjøen, såframt kommunikasjonstilhøva ligg til rette for dette.
-Identitet: Kva slags tilhøyrsle opplever innbyggjarane at dei har til sin noverande og eventuelt %94nye%94 kommune? I kva grad gjer dei bruk av dei tenestene som fins i dei aktuelle kommunane, og er deltakinga på fritidsaktivitetar i samsvar med kommunegrensene?
-Plangrunnlag i kommunane: I kva grad inngår det aktuelle området i kommunen sine planar? Er området til dømes ønskt som utbyggingsareal for den noverande kommunen?
-Tidlegare grenseendring: Dersom det har gått kort tid (10%9615 år) sidan kommunegrensa sist blei endra, må det ha kome nye viktige moment i saka, til dømes endring i kommunikasjonshøva, før ei ny endring kan vere aktuell.
-Kommuneøkonomi: I saker der det berre er tale om mindre grensejusteringar, bør ein ikkje leggje så stor vekt på reine kommunaløkonomiske omsyn som i meir omfattande inndelingssaker%94.


Når fylkesmannen set i gong ei utgreiing som dette, må han til slutt vurdere kva som er den rette kommunetilknyting for Eksingedalen: om det er Modalen eller om dalen framleis skal vera knytt til Vaksdal.


Den siste saka som vi kjenner til der det er gjort vedtak om justering av kommunegrenser, er frå 1.12.2006 og gjeld Karlsøy og Troms kommunar på Reinøy. I denne saka har Kommunal- og regionaldepartementet gjort vedtak ut frå dei same prinsipielle haldningane og faktiske tilhøve som vi har vektlagt i dette notatet, og som er heimla i formålsparagrafen i Inndelingslova.


Som ein lekk i arbeidet med dette notatet har problemstillingane vore lagde fram for mellom andre statsvitar, økonom, samfunnsvitar, ekspert på kraftverksskatt og fleire politikarar. Det har ikkje vore mogeleg å finne nokon som meiner at no-situasjonen for Eksingedalen er rett og rimeleg.





Eksingedalen 24.11.2007


For arbeidsutvalet i Bygdarådet,

Liv- Anne Bergo
leiar



* Lovpålagde tenester er ikkje medrekna her
Dei økonomiske tilhøva som gjeld drift av skule, evt. barnehage, og sosial- og helsetenester er lovpålagde tenester som kommunane må driva uansett om kommunen er ein rik kraftkommune eller ein kommune med magre budsjettrammer. Desse tenestene er haldne utanfor dette notatet. Men rett skal vera rett: Eksingedalen har alminneleg gode tenester når det gjeld barnehage, skule og til dømes heimesjukepleie.

Det som Eksingedalen Bygdaråd vil peike på i dette notatet er framtidsretta planar særleg innan næringsverksemd, kommunikasjon, infrastruktur , bustadbygging (livslaupstandard) osb.

VEGOPNING 30 ÅR ETTER

Ein utbetra og delvis utvida Fv. 313 vart gjenopna med snorskjæring på grensa mellom Vaksdal og Voss kommunar 4. oktober kl. 13.00. Det vart skjæring fordi snora i tillegg til dei sedvanlege norske fargane, var av korv frå Teigdalen. Ordførarane i dei to kommunane stod for skjæringa. Vegen vart fylkesveg i 1977 etter å ha vore anleggsveg for BKK sidan bygginga i 1968.



OPNINGSTIDER NÆRBUTIKKEN

Opningstidene til Eksingedalen Nærbutikk er:

Mandag 10.00-17.00
Tysdag 10.00-17.00
Onsdag stengt
Tordag 10.00-17.00
Fredag 10.00-18.00
Laurdag 10.00-14.00

I haustferien og vinterferien er det ope frå 10.00-17.00 også på onsdag.

Å SURFE MED HODET

Mandag 17. september blir det møte på Eksingedalen skule. Tema for møtet er: Internett + mobil -"Å surfe med hodet". Korleis kan barn og unge bruke internett og mobil på ein god og trygg måte. "BarneVakten" held foredrag på oppdrag frå Eksingedalen skule og Eksingedalen Kvinne- og Familielag. Sjå også BarneVakten

TROLSK STEMNING PÅ FLATEKVALSTØLEN

Desse småtrolla dukka opp på stølssøndagen på Flatekvalstølen 26. august. Eventyrsjokolade delte dei ut også. Foto: Liv anne Bergo.

STØLSSØNDAG PÅ FLATEKVALSTØLEN

Flatekvalstølen i haustdrakt. Hit går turen på stølssøndagen i år, 26. august. Start frå vegen kl. 10.30

STORFISK I EKSINGEDALEN

Det er teke fem fiskar med vekt over eitt kilo i Bergovatnet i sommar. Alle er tekne i garn på grunt vatn. Dei to største var på 3 og 3,2 kg, og er avbilda saman med Atle, som fekk dei i garnet.
Til opplysning: Fiskekort kan du få kjøpt hjå dei fleste grunneigarar eller på Nærbutikken på Lavik.



NYE GARDSSKILT

Statens Vegvesen har no bytt ut ein del av skilta med gardsnamn i Eksingedalen. Gamle leselege skilt er retta opp. Men andre skilt har fått liggja i fred.

GEIT PÅ BEITE

Geitene på Gullbrå nyt no utelivet.

SOMMARJOBB?

Rettleiande satsar for timeløn til ungdomar er no lagt ut på denne sida på Lokalt/Lag. Standard arbeidskontrakter finn du på heimesida til LO. Desse kan også tingast pr. telefon.

SYKKELTRADISJON
Det vart også i år sykkeltur frå Gullbrå til Eidslandet i regi av turgruppa i EMIL. Tradisjone tru fekk me også i år nokre regndråpar med på vegen. temperaturen var fin, og det var også stemningen mellom deltakarane. Biletet over er frå Vetlejord, ved Stavleifossen.

Eksingedalen Naturlosing

Sommarens og haustens turar er no planlagde. Turane er lagt inn på Lokalt/Aktivitetskalendar på denne sida. Meir informasjon finn du på Eksingedalen Naturlosing

NÆRBUTIKKEN

For å koma fram til informasjon om Eksingedalen Nærbutikk klikkar du på linken til høgre. Då kjem du fram til TV2-torget. Skriv Eksingedalen i søkeruta og klikk søk, og du vil finna presentasjonen av butikken.

ÅRSMØTE I BYGDARÅDET

Årsmøte i Bygdarådet vart halde 27. april. Liv Anne Bergo, Albert Gullbrå og Astrid Lavik held fram i arbeidsutvalet. Arbeidet med å skaffa dalen breiband har vore hovudsak det siste året. Dette arbeidet har lukkast, i midten av juli vert breiband tilgjengeleg her hjå oss. Eksingedalen står framfor mange nye utfordringar, og Bygdarådet ynskjer å ta fatt på nye oppgåver. Årsmeldinga kan du lesa ved å klikka på Lokalt/lag/Eksingedalen Bygdaråd.

Viktig melding frå legevakten

Bygdarådet er blitt oppfordra til å formidla denne meldinga: Tenk på dei som er glade i deg og legg inn ICE kontakperson på mobiltelefonen din NÅ. Ambulansefolk har oppdaga at dei fleste skadde har mobil på seg, men veit ikkje kven dei næraste pårørande i adresselista er. Det er ein lur ide å ha eit felles namn som ein kan kontakte.
Forslaget er at alle lagar ein person i adresseboka som heiter "ICE" (=In Case of Emergency (I nødstilfelle)). Under dette namnet står den/dei personane ein meiner bør kontaktast. Dersom ein ønskjer fleire personar, bruk ICE1, ICE2, ICE3. Dette er ei enkel sak å få til, er gratis og kan gjera ein stor forskjell når det gjeld.


SVAR PÅ SPØRSMÅL OM BREIBAND

Det er Telenor som er utbyggjar, og har plikt til å sleppa andre leverandørar til på nettet.
Spørsmålet er då kven vi skal velja som leverandør, ut frå t.d. service, kapasitet og pris.




Dette var første spørsmål Telenor fekk på folkemøtet før påske. Svar på spørsmåla Bygdarådet stillte til Telenor på folkemøtet finn du ved å klikka på Lokalt/Lag.

SVERRE LANGHELLES POKAL

Under Vaksdalsmeisterskapen i langrenn i Bergsdalen, vart Magnus frå EMIL tildelt Sverre Langhelles pokal for sin innsats. Dette er ein pokal som berre kan vinnast ein gong, og vert delt ut i dei aldersbeatemte klassane for jenter og gutar. Me gratulerar. Foto: Magnar Nese


FEIL I VAKSDALPOSTEN

POSTNUMMERSAKA

Det er feil at Eksingedalen Bygdaråd har søkt om å få endra 5728 Eidslandet til Eksingedalen. Rådet sin intensjon har heile tida vore at 5728 Eidslandet skal halda fram som postnummer og stad, og at Eksingedalen skulle få eige nytt postnummer.

Her er setninga frå søknaden som antakeleg har ført til mistydinga: Folk i Eksingedalen har no formell postadresse: 5728 Eidslandet
Det ynskjelege er at navnet vert endra til: xxxx Eksingedalen. Sjølve nummeret spelar inga rolle, 5728 er sjølvsagt godt nok for oss om det framleis kan brukast. Det viktige er å få inn Eksingedalen knytt til nummeret.


Poenget til Bygdarådet er ikkje å fjerna Eidslandet som postadresse, men å la dei som bur i Eksingedalen ha dalen sitt namn som postadresse.

Dette kan oppsummerast med ein annan setning frå søknaden: For å gjera det heilt tydeleg: Vi ønskjer altså å få namnet Eksingedalen knytt til postnummeret, sidan det er den nemninga som vert brukt i alle andre samanhangar.

BYGDARÅDET SITT POSTBREV

Som de sikkert har sett i avisene har Bygdarådet søkt om å få eige postnummer for Eksingedalen. Brevet med argumenta og søknaden er lagt ut på eksingedalen.no. Du finn det ved å klikka på Lokalt/Lag

EIGE POSTNUMMER FOR EKSINGEDALEN

Postnummersaka vert avgjort i juni


Eksingedalen Bygdaråd har søkt Posten Norge om å få nytta Eksingedalen som eiga postadresse, i staden for Eidslandet som no.

Denne saka vert først behandla lokalt i Bergen av Posten, deretter er det Posten Norge i Oslo som skal lage tilråding for postnummerendringar for heile landet. Til sist er det Post- og teletilsynet som godkjenner endringane.

Avgjerd i saka kjem 14. eller 15. juni i år, og vert offentleg same dag. På grunn av at det er fleire instansar som skal seie sitt i saka, er det vanskeleg å spå utfallet, men så mykje kan seiast: Vi har ikkje møtt motstand til no.

Dersom Bygdarådet skulle få gjennom søknaden, vil Eksingedalen frå Høvik til Gullbrå få ny offisiell postadresse som skal takast i bruk frå 1. oktober i år. Men som sagt: Utfallet av søknaden er uvisst.

SATELITT-TELEFONAR

På grunn av vanskane med telefonsambandet har Telenor no, etter press frå Bygdarådet plassert nokre satelitt-telefonar i Eksingedalen. Ein av desse er plassert på Eksingedalen skule. Nummeret til denne telefonen er 881641464955

TELEFONEN I EKSINGEDALEN

Nye telelinjer fra påske

Telesituasjonen i Eksingedalen har vore svært dårleg i lange periodar dei siste åra. Serleg frå Nesheim til Gullbrå har det vore ille, med fullt brot, eller lange periodar utan summetone. Men no vert det varig betring. Til påske får heile dalen ny og stabil fiberkabel.

Eksingedalen Bygdaråd har levert inn to formelle klagar til Post og Teletilsynet på situasjonen. Siste veka før jul vart det inngått ein bindande avtale mellom Post og Teletilsynet og Telenor om utskifting av teleanlegget i dalen.

Teleforsyninga til fastbuande er regulert av ei lov, Ekom-lova. Gjennom denne lova er Telenor forplikta til å føre fram brukande telesamband for tale og data til alle, og det er denne plikta som Telenor nå må påta seg å ordne opp i.

Det som skal skje i vinter er at Telenor skal skifte ut den gamle kabelen frå Høvik til Gullbrå med ny fiberkabel. Mykje av den gamle kabelen er blykabel med papirisolasjon, og denne er no utsliten, lagar kortslutning, og fører til brot i sambandet. I tillegg er øvre delen av dalen avhengig av signal frå Lønahorgi. Dette er et langt og sårbart samband over link, og bryt saman når det vert for mykje is på Lønahorgi.

Den nye fiberkabelen vil bli forsynt med signal frå fiberkabelen som er ført fram frå Modalen til Høvik, og vil gje heilt stabil teleforsyning til sentralane frå Høvik til Gullbrå (Ekse). For at det skal bli et godt og stabilt teleanlegg, må det skiftast ut ei rekkje med stolpar oppover dalen. Arbeidet tok så smått til i romjula og skal vera avslutta til 30. mars 2007 med ny kabel heilt til topps i dalen.

Breiband kjem også

Den nye fiberkabelen vil vera det beste grunnlaget Eksingedalen kan få for at alle i dalen skal få breiband til alle. Fiberkabelen vil forsyna dalen med alt ein treng av signal fram til dei lokale telesentralane på Høvik, Flatekval, Nesheim og Gullbrå / Ekse.

Breibandutbygginga, som er ei sak for seg, er det kommunen som arbeider med. Vaksdal kommune, saman med Voss, Granvik og Ulvik, har fått tilskot av statlege midlar gjennom Høykom-fondet. Med breibandutbygginga meiner vi forsyning ut frå dei aktuelle sentralane og fram til den einskilde brukaren. Her må det installerast ein del utstyr i sentralane, pluss at det truleg må ein ny %94undersentral%94 på Lavik for at breibandsambandet skal nå fram til alle. Det kan også verta aktuelt å skifta ut litt av detaljforsyninga.

Når vi får nærare opplysningar frå kommunen om framdrifta som gjeld breiband, vil vi gje ny orientering til folket i dalen.


Men som sagt:

Føresetnaden for at vi skal få den raskaste og mest stabile breibandforsyninga, nemleg fiberkabel som forsyner sentralane i dalen, skal vera ferdig til 30. mars 2007. Og det er same kabelen som både skal gje ny og stabil telefon, pluss vera grunnlaget for detaljforsyning av breiband.

HANDLINGSPLAN FOR BREIBANDARBEID

Eksingedalen har no truleg
Noregs dårlegaste telesamband.


Samandrag: Telesambandet (fasttelefon) i Eksingedalen er truleg det dårlegaste i landet for eit heilt bygdesamfunn. Mange har total telefonsvikt i vekesvis, skulen er hardt råka, næringsdrivande i dalen slit. Situasjonen vert verre og verre. Enkelte reiser til nabokommunen Modalen for å vere sikre på å få lese sin eigen epost. Det er feil og svikt både for analog og ISDN-løysingane.

Regjeringa har løyvt 50 millionar kroner til infrastruktur for breiband. Midlane skal gå til utbygging der det elles ikkje er økonomisk grunnlag for kommersiell utbygging. Eksingedalen Bygderåd skal søkje midlar frå denne løyvinga, i samarbeid med Vaksdal kommune og eventuelt Hordaland Fylke.
Målet er å få til breiband og løysing av problema med fasttelefonen samstundes/ i eitt.

Søknaden

Søknadsfristen for midlar til breiband er 31. august 2006. Dette er frå regjeringa si side lagt opp som ei hastesak, der arbeidet med utbygging kan starte 1. oktober 2006, og pengane skal nyttast innan 31. desember 2006.

Eksingedalen Bygdaråd skal søkje om midlar til utbygging for området frå og med Høvik til og med Gullbrå. Målet er breiband til alle husstander og næringsverksemd i dalen. Vaksdal kommune kan vere medspelar -venteleg "juridisk person" / og prosjektleiar- og i tillegg er det tanken at ein utbyggjar på ein eller annan måte kan vera part. Aktuelle utbyggjarar kan vere til dømes Telenor eller BKK. Søknaden frå Eksingedalen vil verta koordinert med søknad frå Hordaland Fylke, dersom fylket ønskjer det. I alle fall har fylket uttrykt klart at dei vil støtte ein søknad for Eksingedalen.

Noregsrekord i dårleg telesamband.

Bygdarådet sine representantar har søkt landet rundt etter kvalitet på teleforbindelsen. Vi har ikkje funne eit einaste bygdesamfunn, så stort som vårt, med så skrøpeleg telekommunikasjon. Med telesamband meiner vi her analog fasttelefon, men også ISDN.

Det bur 175 fastbuande i Eksingedalen frå Høvik til Gullbrå. I tillegg kjem næringsverksemd, skule, mange utleigebygg for turistar og mange fritidshus.

Her er litt av kvardagen:

Bygdarådet si talsmann i telesaka har sjølv berre hatt samband på fasttelefonen i ca. sju dagar dei siste fire vekene. Andre knytt til same sentral (Nesheim) er i same situasjon.
Telesambandet er største samtaleemne i bygdesamfunnet, og har vore det i lang, lang tid:
Det er alltid periodiske feil frå den eine husstanden til den neste. Samtalane vert brotne, det er ikkje lyd i telefonen i dagevis.

-Dei som brukar analog eller ISDN-samband til dataoverføring, har store vanskar med å halde forbindelsen med nettbanker, dokument i næringsverksemd som momsoppgåver, dokument og rapportar i jordbruket osb. Dei opplever at dokumenta er for tunge, sambandet vert brote, og transaksjonar kan ikkje gjennomførast.

-Folk reiser til nabokommunen Modalen for å lese og svare på sin eigen mail.
Det generelle telesambandet (fasttelefonen) er så ustabilt at det uten å ta for mykje i kan truga liv og helse i ein kritisk situasjon. Det er mobildekning berre i om lag halve dalen, og mobilen er difor ikkje brukande reserve.

-Skulen er ofte utan kontakt på ISDN-linja, og det vil seie at verken elevar eller medarbeidarane på skulen får gjera jobben sin. Einigsleiar har måtta reisa til Dale for å utføra arbeid der det var bruk for oppkobling til kommunalt nettverk. Dette på grunn av at det ikkje var telefonbindelse.


-Lista over det skrøpelege telesambandet kan berre for det siste halvåret innehalde langt over 100 tilfelle eller dagar med telefeil i dalen.

Årsaka til at dette med den skrøpelege fasttelefonen vert trekt inn i saka om breibandutbygging, er at dei to behova -brukbar fasttelefon og breiband med fiberkabel- kan løysast samtidig, med same kabel og langt på veg med same teknologi.

Klage og klagebehandling

Dei som vert råka av telebrot, kan klage. Oppskrifta er å ringe til teleleverandøren. Det ender alltid med same resultat: Feilen skal rettast, kanskje kjem det ein teknikar til sentralen, og så er telefonen brukbar ei stund. Siste klage frå skulen førte til at telefonen var i drift ein dag, og så var det stopp igjen. Det er telenettet i dalen som har for dårleg kvalitet og kapasitet. Alle erfarer at å klage ikkje fører til løysing av problemet, som berre held fram.

Dei som har klaga på rekninga på grunn av tekniske feil eller manglar, får kompensasjon frå teleleverandøren med det same, utan at klagen treng gå til Brukerklagenemnda for elektronisk kommunikasjon. Økonomisk kompensasjon er i realiteten ei avfokusering av realproblemet. Det er ikkje noko trøyst å få nokre hundrelappar i avslag, uten at kvaliteten på telefonløysinga vert utbetra. Avslag på rekninga er berre eit vedlikehald av problemet, og inga løysing som gjev eit god nok telesamband.

Sidan ein ikkje har stabilt telesamband, vert det naturleg nok grov underrapportering av telefeila i dalen. Det er ikkje lett å melde feil når ein ikkje kan bruke telefonen, og mobildekninga er dårleg.

Å klage til kundesentra for teleleverandørene gjev berre ei kortvarig løysing, anten i form av at telefonen er i orden nokre dagar, eller nokre hundrelappar i avslag på rekninga. Telesambandet for dalen sett under eitt er like dårleg og underdimensjonert, uansett kva kundesentra svarer.

Dette er løysinga

For å få eit brukande telesamband i Eksingedalen må både utbygging av breiband og fornying av sambandet for fasttelefon sjåast under eitt. Dette er den einaste samfunnsøkonomisk gode løysinga. Det er følgjande sentrale punkt ( sentralar) for telefon i dalen:

Fiberkabel er ført fram gjennom Modalstunnelen til knutepunkt på Høvik (like ved inngangen til tunnelen)
Neste sentral ligg på Flatekval.
Ingen knytt til denne sentralen har breiband (ADSL) men dei som ligg nærast sentralen har ISDN-samband.
Neste sentral ligg på Nesheim (Brakestad) -med samme forhold som Flatekval
Neste og siste sentral i Eksingedalen ligg på Gullbrå (Ekse)

Abonnentar knytt til samtlege av telesentralane i dalen, Flatekval, Nesheim og Gullbrå har problem med fasttelefonen. Vi har ikkje nokon teknisk vurdering av situasjonen på linjer og sentralar, men berre utsagn frå reparatørar om at linjekapasiteten mellom sentralane ikkje er stor nok til vanleg bruk, og sentralane har også lav datakapasitet ut til brukar.

Dermed må det ei opprusting til, som må kome uavhengig av behovet for breiband. Men når ein først rustar opp, er det teknisk og økonomisk å sjå fasttelefon og breiband ( ADSL) under eitt, slik at ein unngår utbygging i fleire fordyrande trinn.

Søknad til Høykom om tilskot

Ei opprusting (evt. utskifting av gamal koparleidning til fiberkabel mellom sentralane) er ikkje nok til at alle i dalen kan få breiband / ADSL. Etter den kunnskap vi har er det truleg behov for å ha ein eller annan form for sentral ( ny) på Lavik også. Årsaka er at det er for langt frå sentralen på Flatekval til at heile Lavik, Fjellanger, Haugen og Øksendalen kan få ADSL.

Det ideelle hadde vore at det vert laga ein enkel plan eller avtale mellom utbyggjar Telenor, og Bygdarådet / Vaksdal kommune der Telenor tek naudsynt opprusting av nettet og sentralane, og at det vert søkt Høykom om tilskot til utbygging av ein undersentral for eksempel på Lavik. Det er Høykom under Norges Forskningsråd som har fått i oppgåve å fordele dei 50 millionane av statlege midlar som har søknadsfrist 31. august i år.

Målet er tydeleg: Alle i dalen må få adgang til breiband, men ein kan ikkje vente at Telenor åleine skal dekkje heile kostnaden. Difor er ein avhengig av midlar også frå Høykom.


Telenor si leveringsplikt

Det er ein del av Telenor si oppgåve å levere telesamband (fastetelefon minimum analog) til alle fastbuande, også i bygder. Siste avtale vart underskriven 1. september 2004 mellom staten v / Samferdselsdepartementet og Telenor ASA om leveringspliktige tjenester. I denne avtalen vert det vist til plikta til å levere etter det som heiter ekom-forskriften § 5 - 1.

For Eksingedalen og Bygdarådet er det nødvendig med ei avklaring av korleis forskrift og avtale skal tolkast når det gjeld driftstid og oppetid for leveransen. Det er Norsk Post- og Teletilsyn ( npt.no) som skal handheve at Telenor oppfyller si leveringsplikt.

Brukerklagenemnda for elektronisk kommunikasjon (brukerklagenemnda.no) er det offisielle organet ein skal klage til når det gjeld leveransen av teletenester. Det er god grunn til å få ei avklaring om kven av dei to, NPT eller Brukerklagenemnda folk i Eksingedalen skal vende seg til med klager på situasjonen no. Her må ein først og fremst tenkje på kva målet med klager er, nemleg å få brukande telefonløysing for Eksingedalen, og ikkje primært kompensasjon for bortfall av tenesta.

Etter det vi er komne til er det berre Samferdselsdepartementet som kan gje avklaring om arbeidsdelinga mellom dei to organa.


Tidsplan

Fornyingsdepartementet har sett korte fristar for søknad og tildeling av midlar til utbygging av infrastruktur, og det er heilt uaktuelt å oversitje fristen som er 31. august kl. 18.00 for elektronisk søknad. Bygdarådet vil no arbeide etter følgjande tidsplan.

10. juli vert det sendt brev Vaksdal kommune med ønskje om at kommunen deltek som aktiv part andsynes Høykom og Telenor ( juridisk person / evt prosjektleiing) Det er ønskjeleg at kommunen engasjerer seg sterkt i saka både når det gjeld fasttelefon og breiband-søknaden.

10. juli vert det sendt brev til Telenor med ønskje om eit snarleg møte mellom kommunen, bygdarådet og Telenor. Mål: Få utarbeidd eit kostnadsoverslag over oppgradering av telenettet i dalen, og drøfte om det kan utarbeidast ei pakkeløysing som gjev betre telefon og breiband til heile dalen.

10. juli vert notatet med følgjeskriv sendt Hordaland Fylkeskommune. Mål: Gje innspel til fylket som har tanke om å koordinera søknad om breibandutbygging.

17. juli vert det sendt brev til Samferdsledepartementet og Norges Post og Teletilsyn om Telenor sin leveringsplikt av fasttelefon. Mål: få avklaring om det er NPT, departement eller Brukerklagenemnda som skal handsame klage på brukstid/oppetid for telefonane i Eksingedalen.

17. juli vert dette notatet lagt ut på nettsidene til Bygdarådet (eksingedalen.no). Mål: Orientering til folk i dalen om kva Bygdarådet no gjer i telesaka.





Kontaktpersonar:

Liv Anne Bergo -leiar i Eksingedalen Bygdaråd - tlf. 56 59 59 53
Magnar Nese -prosjektleiar for telesaka - tlf. 56 59 59 54
Gunnar Hatland -kontaktperson i Bergen for telesaka - tlf.90 92 43 73

LOKALHISTORIE

Kåre Trefall har tidlegare samla fakta om flyvraket på Kvitenosa. No har han også arbeidd med utvandringa frå Eksingedalen til Amerika. Dette kan du lesa om på denne sida.

LOKALHISTORIE

Kaare Trefall har samla informasjon om flyvraket på Kvitanosi. Besøk sida hans her. Flyvraket

TURTIPS

Her kan du lesa skildring av turruter, samt nyta mange fine bilete. Byvasshovden

KLATRING

Dersom du er interessert i klatring i fjell bør du kikka litt nærare på denne adressa. http://home.no.net/stokstad/page10.htm

"Eksingedalen.net in norwegisch"


Denne linken fann eg etter å ha gått igjennom referansene på teljaren, og er på sida til to tyskere som virkelig har forelska seg i Norge. Så absolutt verdt eit besøk.


Linkar
Eksingedalen Nærbutikk
Rune Nesheim
Haugen Gard
Godmorstova
Nesheim Gard
Eksingedalen Naturlosing
Ekso
Ekso Villfisk
Osterfjorden
Vaksdal kommune
Skipshelleren
Eidsland Grendelag
Trefall-sida



Avisa Hordaland Voss Foto og Miljø BKK ein lokal medspelar