Tur til Gullbråholmen

Gullbråholmen er Gullbrå sin støl, og turen dit er ein av dei mange flotte turane du kan få oppleva i Eksingedalen. Stien er merka, og brosjyre med kart kan du kjøpa på butikken i dalen eller hjå Bergen Turlag.

Fin rundtur på ca 3 timars gangtid.
Start ved Hagafossen på Ekse, der det også står info-tavle om stølen.
Godt synleg sti startar med stigning, deretter er det relativt flatt terreng innover til stølen Gullbråholmen. Dei opprinnelege stølshusa låg utpå ei halvøy i Holmsvatnet
Komen så langt kan det vere godt med ein pause, og kanskje ein dukkert??
Holmsvatnet er fint å bada i, og her er også rikeleg med fjellaure for dei som vil prøve fiskelukka.
Velkomen på tur.



Frå Gullbråholmen er der nyleg merkt opp att gamal sti ned til Gullbrå. Følg dei blå merka rundt austenden av vatnet, vidare opp lia mot Eggi. Bilete viser utsikta mot gardane på Gullbrå. Det går an å gå ned her.



Støshusa ligg flott til ved vatnet



På alle stølsturane er det fint å ta med born.



Her er der utsyn mot fjella sør for Gullbrå, med Kvitanosi, 1433moh som den høgaste toppen i området

Når du er komen ned att på vegen kan du rusle langs denne i ca 2 km til du finn att bilen din. Det kan elles nemnast at der bur mykje trivelege folk på Gullbrå, så om knea er merkt av nedstigninga, går det nok bra å få seg skyss til bilen også.

KVITANOSI SOMMAR OG VINTER
Kvitanosi er eit populært turmål både om sommaren og om vinteren. Toppen, som ligg 1433 meter over havet kan ein nå frå fleire utgangspunkt. I Eksingedalen er Gullbrå det vanlegaste utgangspunktet. Starten på turen er brattast, før terrenget vert slakare. Turen tek omlag tre timar med innlagd matpause.Om sommaren kan ein leggja turen innom restane av eit tysk fly som styrta under den andre verdskrigen. Med dette målet som motivasjon er det råd å ta med seg born på turen.
Kaare Trefall har samla informasjon om flyvraket på Kvitanosi. Besøk sida hans her. Flyvraket

© eksingedalen.net. Kopiering av tekst eller grafikk berre etter løyve.
eksingedalen.net er ikkje ansvarleg for eventuelle feil eller manglar.